PRODUKT

Juanita er lita og veldig, veldig søt

Den minste klasetomaten er også den søtaste. 
 
Juanita er som ein nykomling å rekne på den norske tomatmarknaden. Fyrste år med produksjon av Juanita for Lauvsnes Gartneri var i 2009, og på fire år har me femdobla produksjonen.  
 
Smaken til Juanita blir samanlikna med honning, og den er perfekt til å ete som den er. Mange synes også dei er svært gode steikt – prøv gjerne å legge ei heil klase på grillen!

TIPS! Klasetomatar modnas frå enden på klasa og innover mot midten. Et derfor dei bakre tomatane fyrst! 
Tomatvenn

Tomatar på øyret!

MORO

Topp Tomatvitser

  • Smile :)

  • Smile :)

  • Smile :)


Har du ein Tomatvits? Send den til oss! 
 
Ditt navn*
Din epost*
Vits

VISSTE DU AT...

Då tomaten fyrst vart introdusert i Europa på 1500-talet, trudde folk han var giftig.
OPPBEVARING

Ut av kjøleskapet!

Gartneri tekknologi
Ingen tomatar skal oppbevaras i kjøleskapet, heller ikkje Juanita.
 
Som me seier det på Lauvsnes Gartneri: Ei kald tomat er ikkje kul. Ved oppbevaring i kjøleskap blir tomaten både smaklaus og blaut. Den beste lagringstemperaturen er 10-12 grader, men også i normal romtemperatur vil tomaten modna i riktig tempo slik at ikkje smaken forsvinn.  
 
SMAKSOPPLEVING

Tomatar er sunt!

Tomaten har den absolutte fordel at han både er god, sunn og kalorifattig på ein og same tid! Faktisk har den ein oppsiktsvekkande positiv effekt på helsa vår. 

Vitamin A: Godt for mellom anna synet, glatt hud, danning av hormon og som motstandskraft mot infeksjonar og kreft.

Vitamin C: Antioksidant, bidrar til å nøytralisere skadelege angrep mot kroppen. Nødvendig for å kunne regulere kroppen sitt opptak av jern. 

Lykopen: Det nyoppdaga stoffet Lykopen har ein oppsiktsvekkande verknad på helsa. Lykopen står for raudfargen i tomaten og er ein utmerkt antioksidant som påverkar cellene til å kvitte seg med dei frie radikalane sine øydeleggjande kjedereaksjonar i kroppen. Et me mykje tomatar hjelp me rett og slett kroppen med å kvitte seg med avfallstoff! På den måten reduserer me faren for ein lang rekke kreftformar, spesielt kreft i bukspyttkjertelen og livmorhalsen. Laboratorietestar syner at Lykopen er dobbelt så sterk som betakaroten i å nøytralisere frie radikalar. Det gjer tomaten til ein viktig kreftbekjempar. Lykopenet forsvinn ikkje sjølv om ein steiker eller kokar tomaten.

Flavonoider: Naturlig ferske norske tomatar inneheld store mengder av eit plantestoff som kallas chalconaringenin, som er det viktigaste av flavonoidene. Stoffet er mellom anna kjent for å ha god effekt på allergi, og er også ein kjent antioksidant.

Tomaten er også rik på ulike mineral, som kalsium, magnesium og folsyre.

Kilder: Wikipedia, Gartnerhallen
PRODUKT

Me tek den kortaste vegen frå plante til gane

finnoybonde17
Tomatar er best og sunnast når dei er heilt ferske.

Me høstar dei derfor når dei er perfekt modne, raude og smakfulle. Pakkeriet er innebygd i drivhusa, og me pakkar alle tomatene sjølv. På den måten blir vegen til forbrukaren kortast mulig. Juanita vert distribuert av BAMA, og fås i 200 grams pakningar.

Klasar av smaksaugneblink, klare til å nytas - ein etter ein etter ein...
 
TEKNOLOGI

Ikkje noko sprøyt

Ikkje ei einaste tomat i Lauvsnes Gartneri vert sprøyta. I staden bruker me biologisk nedkjemping av skadedyr i veksthusa våre.
 
Et reint produkt er et usprøyta produkt, meiner me, då sprøyting går ut over både kvalitet og arbeidsmiljø. Bruk av nyttedyr i produksjonen gjer at me slepp sprøyting. Humler bestøver tomatplantene, medan andre nyttedyr sørgjer for at me slepp skadedyr som kvitfly og midd.  
 
PRODUKT

Hugsar du FinnøyCherry?

finn%c3%b8ycherry logo 02
Lauvsnes Gartneri har dyrka spesialtomatar sidan 2005, under namnet FinnøyCherry, som har vore kjend og kjært for mange. For tida brukar me all tida vår – og plassen i veksthusa – på Juanita, og du vil derfor ikkje sjå merket FinnøyCherry i butikkane no. Men, tomatane me leverer kjem fortsatt frå Finnøy. Og dei er fortsatt like smakelige som før! 
HISTORIE

Kjærleikseplet frå Sør-Amerika

Tomaten stammar frå fjellområda i Mellom- og Sør-Amerika, og var fyrst innført til Europa på midten av 1500-talet.

I byrjinga trudde folk at frukta var giftig, og nytta tomaten derfor som prydplante. Eit av dei fyrste namna planten fekk var likevel ”kjærleikseple”, som skriv seg frå det italienske ”pomi dei mori” (tyder myreeple), mistolka av franskmennene som ”pomme d’amour" (kjærleikseple).
 
Her i landet blei tomaten introdusert i 1855, der han vart rekna som ein raritet. Rogaland var, etter det me kjenner til, fyrst ute med dyrking her til lands. Thorstein Brynes planteskole i Stavanger skal ha dyrka dei fyrste tomatane i eit lite kaldhus i 1890. Men det var fyrst i mellomkrigstida at folk flest byrja å ete det nye produktet. Finnøy og Ryfylke heiv seg raskt på dyrkingstrenden, der dei fyrste varmhusa vart bygd på byrjinga av 1930-talet. 
Lauvsnes Gartneri samarbeider med:
 

 
Design / utvikling: DESTINO