GARTNERIET

Smaksoppleving gjennom tomatar og trivsel

Trivsel og pågangsmot er dei viktigaste faktorane for at Lauvsnes Gartneri har femdobla produksjonen på mindre enn ti år.
 
I dag har me 30 mål tomatar under glas, og ein produksjon på opptil 1000 tonn tomatar kvart år. Plasseringa kloss inntil Boknafjorden gir vakkert utsyn mot, hav, himmel og øyene rundt. Her trivs me godt, og det gjer tomatane også. Her får dei optimalt lys- og dyrkingsforhold. For tida er det Juanita-tomatar som dyrkast i gartneriet, men me testar stadig ut nye sortar som kan vere aktuelt å produsere i åra framover.

45 tilsette sørgjer for sunn heilårsproduksjon i gartneri, pakkeri og drift. Dagleg leiar Jan Terje Vignes har drive gartneriet sidan 2000, då han tok over drifta etter faren Geirulf som fortsatt er høgst aktiv i drifta. 

Saman skapar me Smaksoppleving for menneske over heile landet, noko me gler oss over kvar dag. 
Tomatvenn

VISSTE DU AT...

Finnøy står for nær halvparten av alle tomatar som vert produsert i Noreg!

Tomatar på øyret!

HISTORIE

Nær 80 års erfaring

Gjennom fire generasjonar har Lauvsnes Gartneri bygd opp erfaring om tomatdyrking. Metode, omfang og marknad har endra seg mykje sidan starten i 1935, men engasjementet, lidenskapen og ikkje minst - den gode smaken - er fortsatt den same. 
1935 Gartneriet vart starta i 1935, då det fyrste drivhuset vart satt opp på Lauvsnes. Her vart det dyrka både tomat, agurk og småplanter, og fram mot midten av 1970-talet auka arealet til om lag 2500 kvadratmeter. 
Familiebildet
1980 Agurk og blomar måtte vike for eit fullt fokus på tomat i løpet av 1980-talet.
2000 Som 19-åring startar Jan Terje opp som gartner. Han satsar stort, og meir enn firedoblar tomatproduksjonen då han byggjer tre nye mål med veksthus. 
2001 Sommaren 2001 fekk me besøk av kong Harald og dronning Sonja, i høve kongeparets Ryfylkereise. Dette var sjølvsagt ei stor oppleving!
2005 Frå berre å dyrke vanlige, runde tomatar, gjekk me i 2005 over til også å dyrke spesialtomatar. Finnøycherry blir lansert og kjend på marknaden som ei smakfull og god tomat.
finn%c3%b8ycherry logo 02
2009 Etter at me i 2008 kjem på tanken om å legga om produksjonen til Juanita, har me fyrste produksjonsår av den søte honningtomata i 2009. Me produserer fortsatt fire andre sortar, men forstår raskt at me må vie både meir tid og plass til Juanita - som tar marknaden med storm. 2012 er det Juanita i alle veksthusa våre, og me blir heilårsprodusent.
TEKNOLOGI

Effektiv bruk av energi!

Gartneri tekknologi
På Lauvsnes Gartneri har me mål om å ha ein så energieffektiv drift som mulig. 

Sidan 2009 har me lagt stor innsats i å bruka energien om igjen, med gode resultat. Tomatplantene får optimal tilførsel av energi på dagtid, når dei forbruker CO
2. Varmen hentes frå gassanlegget på Kårstø. Om natta sørgjer spesialgardiner i veksthuset for 50 prosent lågare energiforbruk, samtidig som at den energien som blir brukt kjem frå varmelagringstankar. På denne måten unngår me spill, samtidig som gartneriet blir spart for unødvendige utgifter. 

Gjennom dagleg leiar Jan Terje er Lauvsnes Gartneri også engasjert i Bioenergi Finnøy AS, som jobbar for å nytte husdyrgjødsel til biogass som kan varme opp gartneriet.
SMAKSOPPLEVING

Besøk på gartneriet

Me tilbyr grupper, bedrifter og andre interesserte eit besøk hos oss på gartneriet, mange av besøke skjer i samarbeid med Ryfylke Livsgnist. På gartneribesøk får du eit innblikk i heile produksjonsprosessen – frå plante til ferdig pakka produkt. Me garanterer ei god smaksoppleving, både for gane og hjerne.

Interessert? Kontakt Leif Arild Steen. 
Mobil: 916 15 420
E-post: leif@lgartneri.no
flyfoto
Lauvsnes Gartneri samarbeider med:
 

 
Design / utvikling: DESTINO